Reisebrev NACS 2024

22.11.2024

Grunna eit flott stipend frå NFKS vart det muleg for heldige meg å delta på NACS- konferansen i Tampere i Finland.

Oppdal - Tampere er ei reise som tek 13 timar tog-fly-fly- buss og tog. Reiste søvndrukken frå Oppdal med nattog kl 04.46 og kom til Tampere kl 18.00.

På mellomlandinga i Tartu , møtte eg på sjølvaste Mummi, som ønska meg velkommen. Ferda gjekk vidare til Tampere , ein by med omtrent like mange innbyggarar som Bergen.

Tampere er ein Industriby, rockeby og ishockeyby 170 km nord for Helsinki.



Temaet for NACS-konferansen dette året er "Conflict Resolution". Det ber bod om både noko som er vanskeleg , konfliktar , og noko det ligg håp i , nemleg løysningar .

Konferansen starta fredag morgon, og det var ein blid, glad og forventningsfull gjeng som eg tok følge med til første oppmøte .

Etter at vi hadde trålka oss eit stykke oppover etasjane i kongresshallen, stod vi brått framfor Leninmuseet.

Lenin og Stalin møttest første gongen i Tampere og godkjende Finland som sjølvstendig stat. Ein halv etasje opp entra vil tilslutt konferansesalen.

Programmet er eit speilbilde av dette breispektra temaet.

46th_NACS_Conference_Tampere

Etter ein varm velkomsttale frå president og direktør i den finske foreninga , starta konferansen med eit foredrag om korleis det var for ei ung kvinne frå Finland å navigere i datingmarkedet i USA i nokre månader. Iris Lehtola fortalde

om motsetningsfulle , forvirrande reglar fulle av dobbelmoral. Dette var eit system der det var " safer to obey the systems than challenge them"

Kva lærte ho?

- dating forvirrar folk ( og henne)

- Ulike hierarki spelar ein sentral rolle i dating og korleis strukturar av ulikskapar blir oppretthalde og forsterka.

- politikk er ein viktig del av dating

- Menn føler seg utilstrekkeleg og manglar kjensle av handlefridom.

Vi får vera glad vi ikkje skal date i USA , tenkte eg etter foredraget.


Dagen gjekk vidare med eit innlegg om behovet seksualundervisning og seksualterapi til menn med utanlandsk bakgrunn , som hadde gjort og var dømde for seksualbrotsverk . Desse mennene kan kome frå kulturar der valdtekt i ekteskapet ikkje blir rekna som eit brotsverk eller at dei handlingane dei er dømde for, ikkje blir rekna som kriminelle.

Ho seier bl.a at vi må skilje mellom ei handling og ein person , men det må også gjerningsmannen gjera. Viss han trur han er lik handlingane sine, vil han drukne i skam og det vil vera eit hinder for rehabilitering.

For den som vil lese meir om dette ROAD prosjektet og kan finsk : tiina.alakarppa@siltavalmennus.fi

Knut Hermstad sitt foredrag om Konfliktløysing i overgrepsaker var solid og spennande. Seksualbrotsverk, som ein konflikt mellom overgripar og offer , men også mellom dei ulike gruppene, som støttar enten overgripar eller offer.

Konfliktløysing, som eit verktøy, for å løyse konfliktar kan skje på ulike arenaer. Ein slik arena er ein spennende metode der offer og overgripar møtest og pratar . Den som er offer kan fortelje om smerta og frykta si til overgriparen og overgriparen kan snakke om handlingane og motivasjonane sine.

Slike møter må vera leia av ein erfaren terapeut/ handsamar.

Effekten av denne metoden kan gje ei kjensle av å få gjenoppretta ei rettferd for offeret ved at redsel kan bli snudd til meir tryggleik. Det er betre å vete kva den andre tenkjer enn å fantasere. Offeret kan også legge premiss for framtidige møter og det kan snu kjensla av å vera hjelpelaus til ei kjensle av å ha makt.

Dette var eit snardykk i tre av foredraga, som gjorde inntrykk. Heile konferansen synte oss at det er viktig og nyttig å dele kunnskap og erfaringar mellom oss fagfolka innan sexolog i dei nordiske landa våre Derfor var det også synd at det ikkje var nokon frå Island som deltok .

Noko som overraska meg , var at i Finland får dei ikkje sexhjelpemidlar på blå resept slik som i Noreg og Sverige .

Det er også veldig lite kunnskap om og arbeid med eldre og seksuell helse i Finland, etter det som kom fram desse dagane.


Elles var det mange , gode og tankevekkjande innlegg desse dagane og det vil føre altfor langt å trekkje fram alle, men har lyst til å trekkje fram Hanne Grasmo sitt innlegg om " Sexual Role-Play as Queer Resistance" og Suzann Larsdotter sitt prosjekt for å førebygge Seksuell vald mot LGBTQI- menneskjer.

Alle foredraga på denne konferanse tok for seg ulike variantar av korleis baksida av den flotte seksuelle «medaljen» vår , kan syne seg . Frå ulike formar for vald mot sexarbeidarar til når unge menneske rettar dei seksuelle tankane sine mot barn som er yngre enn dei sjølve. Covidepidemien si innverkning på ufrivillige barnlause var også tema også viktige tema, men eit reisebrev kan berre gje smakebitar av det eg opplevde .

Dessverre mista eg pga logistikk med tog og fly x3 , siste delen av foredraga søndag. Det hadde i så fall ført til eit ekstra døgn i Finland og det tilsa ikkje pengeboka. Alt i alt vart det ein økonomisk kostbar konferanse, noko som kanskje gjorde at ingen kom frå Island.

Det var ei glede å erfare at dei har søkt samarbeid og semje i den finske sexologiske foreninga nokon som må vera viktig med 1800 medlemmar, som skal ivaretakast både fagleg og kollegialt. .

Laurdagskvelden med gallamiddag i rådhuset var ei fin oppleving med alle utdelingane av nye NACS- godkjenningar, og 2 frå vårt eige styre var bland mottakarane



Vi to frå fjellbygda kosa oss max.

Overskrifta på denne NACS- konferansen tilsa ikkje at det var mykje lyst og latter under fordraga. Det som var av lyst, latter og artigheit fekk vi ordne sjøl etter at dagen var over og det gjorde vi !Ingunn kryssa av for karaoke på bucketlista si !

Avsluttar med ein hjerteleg takk til NFKS for eit stipend som gjorde denne deltakinga muleg ❤️

Eller som dei seier i Suomi : KIITOS OIKEIN PALJON